mandag 28. januar 2008

Et av de vakreste kjærlighetsdikt


jeg vet om, er dette av Sigmund Skar. Det vil jeg dele med dere.

For di

Eg elskar alt det i deg
du IKKJE gir meg som kvinne.

Eg elskar det barske vitet
som gjerne hogg-møter mitt,
og aldri sa eit ja for min skuld.

Eg elskar viljen din
som ikkje drøymer om å lyda meg
for di du er mi.

Eg elskar den karske låtten,
ubrukeleg til månetisking.

Eg elskar ditt grep om det som er,
og ikkje skal drøymast ifrå oss.

Eg elskar din ærlegdom,
naken som handa di.

Eg elskar at du ikkje er veik.

Opp av dette ris ditt kvinnedøme,
og det fekk eg óg.

Eg elskar den hjelp som er visleg
og vár
for di ho veit.

Eg elskar det yndet du aldri tenkte på,
og som difor er kjært.

Eg elskar den kvinneløyndom
du ikkje lærte or bøker,
og gav åt meg åleine.

Eg elskar det som orda
talar når dei teier.

Eg elskar alt det
du gjorde til vårt.

Eg elskar heile deg,
du mitt menneske.

Ingen kommentarer:

Bloggen drives av Papir i hjertet og butikkens designteam Hjertelaget