fredag 20. mai 2011

Karianne utfordrer: Embossing

Da var det min tur å utfordre dykk og hjertelaget.  (No med bilder :) )


Denne månadens utfordring er å bruke embossing. 
Det er så utrolig masse ein kan bruke embossing til, men denne finurlege effekten går hos mange i gløymeboksen. 
No vil eg trekke fram denne fantastiske teknikken. 

Først vil eg vise nokre eksempel eg har laga med teknikken. 

Tips 1: 
På dette kortet har eg brukt grå embossing rundt kanten på motivet. Først har eg brukt stempelputa og ført den langs kanten på bildet før det har fått eit lag med embossingpulver og ein tur under varmepistolen. 


 Tips 2:
Også bokstaven har fått seg eit omgang med embossingpute og pulver. Etter eg har embossa den gjekk eg over med fargen Broken china frå Distress ink for å få litt meir farge på bokstaven. 

Tips 3: 
Dette motivet har fått seg fleire lag med pute og pulver for å få ein glossy effekt. Har lagt på 6 lag med embossingpulver, det gjør du ved å dekke heile motivet med puta for så å dekke det med pulver og varme det opp. Når det har blitt kaldt gjentar du prosessen. Dette gjør du 5-7 gonger. Når det har blitt tjukt nok byrjar du å knekke opp bildet der du ønskjer det. Etter eg hadde gjort dette førte eg puta langs kanten på motivet og strødde over med kvitt embossing pulver, når eg smelta dette smelta det saman med det klare pulveret og gav ein mjuk overgang. Til slutt gjekk eg over med Dusty concord frå Distress ink. 


Tips 4: 
Print ut eit digitalt stempel på akvarellpapir, med ein gang det kjem ut strør du over pulver og embossar. Du kan da bruke vannmaling som distress ink på motivet.

tips 5: 
Dersom du etter du har malt ønskjer eit meir glossy utrykk legg du eit lag med embossing pute (med pensel) over området du vil embosse igjen. Eg brukte klart pulver over sommarfuglen.

Tips 6: 
Få fram tekst. Stempl med ei klar embossingpute og emboss med klart embossing pulver. Når det er kaldt går du over med eks: distress ink. Du vil ikkje sjå motivet etter du embossar, men medan du fargar over området du embossa vil teksten komme til syne igjen. 
Tips 7: 
Bruk ein embossing penn og teikn over der du ønskjer å ha mønsteret. Her har eg teikna over på det ferdig prega mønsteret i grungeboard bokstaven. Måtte gjere det i fleire omgangar og ta litt og litt slik at ikkje pennen tørka inn. Brukte lilla embossingpulver. og tilslutt gjekk eg over med dusty condord (Distress ink)


Det var nokre av mine tips, gledar meg til å sjå kva de lagar og kva andre tips de kan komme med. 


Enjoy. 




8 kommentarer:

Marlene sa...

Er det bare meg som ikke får opp bildene?

T's Creations sa...

Håper bildene kommer etterhvert... :)

Helle sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Helle sa...

Jeg kan heller ikke se bildene...

Her kan dere se mitt bidrag til utfordringen..
Har embosset teksten inni kortet.
http://helleshobbyloft.blogspot.com/2011/05/han-fridde.html

-Helle-

hsm sa...

Her er et bidrag fra meg hvor jeg har brukt embossing:)
http://hegesscrapperi.blogspot.com/2011/05/embossing-hos-papir-i-hjertet.html

Lisbet sa...

Jeg får heller ikke opp bilder desverre. Så ut som mange flotte tips så håper det ordener seg.

Stod ikke hvor lenge utfordringen varer så satser på at jeg også kan legge med ett kort/prosjekt med Embossing.

Mitt finnes her:
http://lifablogg.blogspot.com/2011/05/kort-til-konfirmant-med-embossing-og.html

Elisa sa...

Jeg prøver meg med denne jeg :)

http://elisashobbyverden.blogspot.com/2011/06/kariannes-utfordring-embossing.html

Jill sa...

Her er mitt bidrag med embossing: http://jills-scrapping.blogspot.com/2011/06/more-vintage.html

Bloggen drives av Papir i hjertet og butikkens designteam Hjertelaget